Pyskisk helsetilbod endeleg under same tak

Helse Førde har endeleg fått eit nytt og moderne bygg som skal romme tilboda for psykisk helsevern. Bygget samlar tilboda frå psykiatrisk klinikk i Førde, det distriktspsykiatriske tilbodet ved Tronvik på Kyrkjebø og Førde barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP).

Frå opninga: Direktør for psykisk helsevern, Børge Tvedt, i samtale med tre av dei som skal bruke bygget. Frå venstre: Hildegunn Knapstad Fauske, seksjonsleiar Førde BUP, Toril Taklo, avdelingssjef for barn og unge i psykisk helsevern og Svein Ove Alisøy, avdelingssjef psykiatrisk klinikk.  Foto: Helse Førde

Nyhende

Før helga markerte Helse Førde overtakinga og opninga av Dagabygget, det nye bygget for psykisk helsevern. Dette vert arbeidsplassen for rundt 220 tilsette.