Sjåfør fekk 5.000 kroner i gebyr

Illustrasjonsbilde.  Foto: Bengt Flaten

Nyhende

Statens vegvesen hadde kontroll ved Kjøs bru søndag.

Ein lastebilsjåfør fekk 5.000 kroner i gebyr for å mangle to kjettingar. Eitt av dekka på vogntoget mangla også godkjent merking.

73 køyretøy var innom kontrollplassen, ti av dei vart kontrollerte nærare.