LEIAR:

Gode lagspelarar og gode ambassadørar

Tarjei Bø og Johannes Thingnes Bø kunne begge reise heim frå VM med edelt metall i bagasjen.  Foto: Thibaut/IBU

Både Tarjei og Johannes har all grunn til å vere nøgde og stolte over samla innsats i verdsmeisterskapen

Nyhende

Bø-brørne, Tarjei og Johannes, reiste til VM i skiskyting med store forventningar til seg sjølv. Etter å ha sett preg på VM frå første konkurranse og bidrege til topp TV-underhaldning frå Pokljuka, kom høgdepunktet for dei to på stafetten der brørne gjekk på same lag og begge gjorde ein viktig innsats for å sikre gull til Norge.