- Set Stryn på kartet på framifrå måte

Fylkesordførar i Vestland, Jon Askeland, er ein av dei som er full av lovord etter at Johannes Thingnes Bø og Tarjei Bø kunne reise heim frå endå ein meisterskap med gullmedaljer i bagasjen.

Stolt fylkesordførar: Fylkesordførar i Vestland, Jon Askeland (Sp) gler seg over innsatsen til brørne Bø under VM i skiskyting. – Fylkesordføraren gler seg over innsatsen, og over at de stadig set Stryn på kartet på dykkar framifrå måte! seier han. Arkivfoto: Roy Aron Myklebust 

Nyhende

Brørne Bø har teke føre seg av medaljefangsten i kvar einaste meisterskap sidan 2010 – med eitt unntak: OL i Sotsji i 2014. Der vart det gull til Bjørndalen og Svendsen på herresida, medan stafetten gjekk «til dunders» på ankeretappa til sistnemnde. Men sett bort frå OL i Sotsji, så har ein eller to bøarar plukka med seg medaljer frå samtlege VM eller OL frå 2010 til inneverande år. (Tek ein med jr-VM kan det faktisk noterast medaljesanking i bortimot rett tidslinje tilbake til 2006!)