Snøskredfaren i både Hardanger, Voss, Indre Fjordane, Helgeland og Svartisen blir justert opp til stor frå onsdag. Folk blir rådd til å halde seg unna skredterreng.
– Vi tilrår alle å unngå terreng brattare enn 30 grader og utløpssoner for skred, seier snøskredvarslar Håvard Toft Larsen i Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) til varsom.no.
Det er venta at skred kan løyse ut seg sjølv som følgje av temperaturstigning i kombinasjon med store mengder regn og nysnø i høgda.
For Indre Fjordane blir det høg skredfare (faregrad 4) frå onsdag.