Stryn vidaregåande skule:

Topp og breidde side ved side

Stryn vidaregåande skule er velkjend for landslinja i skiskyting. Men det er ikkje den einaste idretten elevar har å velje mellom.

Toppidrett handball ved Stryn vgs: 10. klassingar er med tysdagane. F.v. Selma Guddal Breivik, Nora Olsen Skrede, Joanna Øvre-Flo, Iselin Bø, lærar Oddny Grete Njøten, Ingunn Amalie Hopland, Kristine Sætre, Selma Veamyhr og Hedda Ulen Belden.  Foto: Thomas Thaule

Skulen legg veldig til rette for at vi kan satse på idrett

Oddny Grete Njøten
Nyhende

Tysdag og onsdag førre veke var lokalavisa eitt par turar i Strynehallen, og der var det full aktivitet på begge sider av skilleveggen. På den eine sida var toppidrett handball i ferd med å starte ei treningsøkt.