Fekk løyvd 12,5 millionar til styrking av legetenesta:

Vel å bruke ein stor del av midlane på legevakttillegg

Legane i Stryn får auka dagvakt-godtgjersla med 250 prosent. Inndekking skjer med midlar som blant anna skal sikre rekruttering av fastlegar til kommunen.

Lønsauke: Legane ved Stryn legekontor får auka dagvaktgodtgjersla med 250 prosent, frå 159 kr til 400 kr per time. 

Nyhende

Stryn har lenge slitt med ein lite tilfredsstillande fastlegesituasjon, og i økonomiplanen for 2021-2024 valde politikarane å løyve til saman 12,5 millionar til Stryn legekontor, for å blant anna få på plass fleire fastlegar i kommunen.