Viser til smal fylkesveg utan gang- og sykkelveg:

Fylkeskommunen tilrår nei til frådeling

Også Møre og Romsdal fylkeskommune tilrår å seie nei til Jan Espe sin søknad om frådeling av bustadtomt på gardsbruket sitt i Hornindal.

Vil frådele: – Avkøyrsla mi frå fv 60 går opp som del av ei busslomme med busskur, og her er skuleskyss etablert. Vi har sendt mange born med skulebuss herfrå opp gjennom åra, seier Jan Espe.  Foto: Bengt Flaten

Nyhende

Tidlegare har Statens vegvesen tilrådd kommunen å seie nei, hovudsakleg med grunngjeving at fv 60 ikkje har gang- og sykkelveg og at bustad- bygging bør skje meir konsentrert. Fylkeskommunen nyttar same argumentasjon. Dei poengterer at fv 60 er smal, har fartsgrense 70 km/t, ein årsdøgntrafikk på 1.250 med 16 prosent lengre køyretøy og at det ikkje er gang- og sykkelveg. Busetnad i dette området vert såleis avhengig av bil, noko som strir mot statlege og fylkeskommunale mål om samordna bustad-, areal- og transportplanlegging, i tillegg til miljøsatsing.