Helse Vest har sagt ja til Nye Førde sjukehus

Styret i Helse Vest har godkjent utbyggingsløysinga for Nye Førde sjukehus. Vedtaket inneber at styret gjev grønt lys for Livabygget, nybygget for somatikk. Målet er å starte bygginga etter påske.

Helse Vest sa ja: Nye Førde sjukehus, Livabygget.   Foto: HF

Nyhende

I vedtaket godkjenner Helse Vest ei ny utbyggingsløysing med ei samla kostnadsramme på 1,873 milliardar kroner. I tillegg til Livabygget og framtidig ombygging i Svanabygget (høgblokka), ligg nybygget for psykisk helsevern, flaumsikring og ei rekkje andre små og større tiltak inne i denne summen.