Utviklar stadig tilbodet:

Spennande planar i Hydlaparken

Hydlaparken har fått ny dagleg leiar og det er fleire spennande planar for utvikling av både aktivitetsanlegget og Hydlastova.

Trivst: Ålesundjenta Margaret Midtbø Jønland (31) er tilsett som dagleg leiar for Hydlaparken. Hydlastova er ope som varmestove og har matservering.  Foto: Anne-Mari Aalberg

Nyhende

Ålesundjenta Margaret Midtbø Jønland bestemte seg i fjor haust til å snu trillrundt på livet sitt. 2021 skulle få gje nye utfordringar i jobben som dagleg leiar for Hydlaparken og Hydlastova. Dermed forlet ho lærarjobb, kvitta seg med leilegheita og flytta til Stryn.