Ber om framlegg til vegnamn i Løvland bustadfelt

Volda kommune ber blant andre Hornindal Historielag om framlegg til namn på vegen i Løvland bustadfelt i Hornindal.

Løvland: Dei første tomtene i Løvland bustadfelt er tildelte. No har kommunen sett i gang prosess for å gje namn på vegen i bustadfeltet.  Foto: privat

Nyhende

Planleggar Torgeir Stensø i kommunen seier at ein til dømes kan nytte Løvland som offisielt vegnamn, men dette kan ikkje gjerast utan å ha gjennomført handsaming etter stadnamnlova.

Framlegg til namn vert lagt fram for namnemyndet i kommunen og deretter lagt ut til offentleg ettersyn/høyring før endeleg vedtak i kommunen.