Ole Martin Bøe frå Stryn driv firmaet Circular Components:

Elektronikkens «finn.no»

Ole Martin Bøe frå Stryn er «fødd og oppvaksen» med elektronikk. I dag driv han firmaet Circular Components, eit slags «finn.no» for bedrifter som produserer elektronikk.

Bergen: Ole Martin Bøe frå Stryn driv firmaet Circular Components AS. – Vi er eit slags «finn.no» for elektronikkproduserande bedrifter, seier Bøe.   Foto: privat

Nyhende

Bøe er dagleg leiar i bedrifta og held for tida til i Bergen. Saman med to andre heiltidstilsette og to på deltid sørger han for omsetnad av overflødige elektroniske komponentar.