VØR seier nei – heilt greitt seier Nomil

Medan Volda Ørsta Reinhaldsverk ikkje vil at abonnentar legg drikkekartongar i ein plastpose i papiravfallsdunken, så har Nomil ein annan praksis.

Ulik praksis: VØR vil ikkje ha drikkekartongar liggande i ein plastpose i papirdunken. Nomil på si side seier det er heilt greitt.  Foto: Thomas Thaule

Nyhende

For 14 dagar sidan gjekk Volda Ørsta Reinhaldsverk (VØR) ut med informasjon om at dei hadde fått varsel om mottaksstopp og straffegebyr grunna for mykje feilsortering i papiravfallsdunken. Dette gjaldt mellom anna drikkekartongar som låg i plastposar.