Vaksinerte eldre får ha litt meir kontakt

I starten av februar opna regjeringa for at sjukeheimsbebuarar kunne klemme kvarandre og ha nokre få besøkjande. No får alle eldre som er vaksinerte, følgje etter.

Vaksinerte eldre som bur heime kan no også klemme og ta imot nokre besøkande.   Foto: Illustrasjonsfoto, arkiv

Nyhende

Det tilrår Helsedirektoratet i ei ny vurdering.

Vurderinga er at tilrådingane om fysisk kontakt for heimebuande eldre skal bli noko lettare – viss dei er vaksinerte. I tillegg får heimebuande eldre ha fysisk kontakt med eit avgrensa tal på uvaksinerte personar.

I tillegg opnar Helsedirektoratet no for at slike eldre kan leve mindre tilbaketrekt enn før.

(©NPK)