Lesarinnlegg:

Frå Tom-Øyvind 34 år til Tom-Øyvind 15 år

Tom-Øyvind Solheim, Nordfjord Opplæringskontor.  Foto: Privat

Nyhende

Hei Tom-Øyvind.

No nærmar det seg veldig til at du skal søkje på skule. Snart er du ferdig i 10. klasse, og eg veit. Du føler deg usikker no. Du som har det så trygt og godt på skulen din.

Fram til no har alt gått som ein leik. Du har følgt klassetrinna, og du har liksom sluppe å tatt nokon store valg. Jo du har tatt val både om valgfag og anna. Kanskje valgt om du skal halde fram med fotball eller ein av dei andre fritidsaktivitetane dine. No står du framfor uendeleg med val og mogelegheiter. Kva skal eg bli? Kva om eg vel feil utdanning? Det er jo ein jungel av utdanningsmogelegheiter. Faktisk er det 165 retningar berre innan yrkesfag. Du synest det heile verkar skremmande du. Korleis skal du klare å velje kva ein skal jobbe med resten av livet? Det fristar veldig å sleppe å tenkje sjølv, og eigentleg berre gjere det som vennar eller mamma anbefaler.

Du har jo det så fint, sjølv om eg trur at du er litt lei av å gå på skule no. Det er jo ikkje enkelt å vite kva du skal søkje. Eg veit du kjenner litt på magefølelsen at det å bli tømrar kunne vore kjekt. Du har jo alltid likt å snikkere, og har jo alltid vore med pappa når han har snikkert heime i huset ditt. Men du har jo fått beskjed om at du er for flink i matte til det. Eg veit du er litt lei deg. Skal du ikkje søkje tømrer fordi du er flink i matte. Du trudde jo at det berre var positivt. No veit du ikkje heilt kva du skal gjere. Mange av vennene dine har allerede bestemt seg, og akkurat no så føles det ut som du er den einaste som ikkje heilt veit kva du vil.

Men Tom-Øyvind? Det er faktisk fåtallet som veit kva dei akkurat vil bli. Det er ikkje noko stress. Veit du kva? Mange skiftar yrke og jobb veldig mange gongar i løpet av livet. Det er ikkje slik det var når mamma og pappa var unge. Og bonusen din? Det er at for kvar utdanning og erfaring du får, jo meir attraktiv blir du som framtidig arbeidstakar. Berre gløym dei som seier at du kan velge feil. Det går ikkje an å velje feil. Joda, du velge kanskje noko det viser seg at du kanskje ikkje trivast med. Men gevinsten er din den. Uansett kva du vel så har du garantert lært noko som vil ha nytte av. Mest sannsynleg kunnskap og erfaring du kan ta med deg vidare. Ei erfaring rikare.

Alternativet var at du i mange år framover skal seie til deg sjølv. Tenk om eg hadde valt det eg eigentleg tenkte då? Trur du eg hadde likt det? Den einaste måten å finne det ut på er å prøve. Så til alle som seier til deg: Passar det for deg? Tenk om du vel feil. Er du no sikkerpå at det er det rette for deg? Mitt råd er vel «magefølelsen» din. Det du brenn for. Det du kjenner at du har lyst å prøve. Det du kjenner gir deg sommarfuglar i magen. Det skulle vore forbudt å seie at du kan velge feil. Uansett kva du vel - så vil det alltid ha ein verdi for deg. Eg veit det er mange som seier til deg at om du enda ikkje veit - vel studiespesialisering. Så får du 3 år på å finne ut kva du vil.

Tom-Øyvind, studiespesialisering er heilt topp det, om du veit kva du skal etter vidaregåande. Men om du enda ikkje veit - styr unna. Spesielt om du er skulelei. Hadde du sagt til meg at du skulle bli lege eller lektor så hadde eg garantert anbefalt deg å ta studiespesialiserande eller YSK. Verdien av å ta eit fagbrev er enormt stor. Mykje større enn dei fleste anar. Med det i handa har du gode moglegheiter for jobb, og du har absolutt like mange mogelegheiter som alle andre. Du har jo tenkt på å bli byggingeniør. Då kan eg garantere deg at med fagbrev i botn så vil det gjere deg både meir attraktiv, men også gi deg den praktiske forståelsen som vil vere ein stor fordel om du skal studere dette etter læretida. Du kan gå på fagskule, du kan halde fram med å jobbe, du kan ta påbygg til generellstudiekompetanse. Skulle du ynskje å ta høgskule eller universitetsutdanning og blir lei studiar så har du alltid eit fagbrev å dette tilbake på. Faktisk så er det slik at den mest kjærkomne kunnskapen i dagens arbeidsliv er praktisk utdanning og erfaring. Det har jo til og med statsministeren sagt. Det er der hovudtyngda av jobbar vil vere også i framtida, og i tillegg vil det gi deg stor fridom til å bu der du vil.

Eg veit at ein del av vennane dine har fått beskjed om at yrkesfag er flott, men kanskje ikkje noko for dei. Veit du kva Tom-Øyvind? Det er fordi mange ikkje har nok kunnskap om kva yrkesfag er. Visste du at bedrifter her i Nordfjord kan skryte på seg følgjande:

⁃ Bygd verdas fyrste elektriske bilferje i kompositt

⁃ Er hovudårsaka til at du kan høyre favorittlåten din på DAB-radioen i tunnelar

⁃ Produserer dei mest bærekraftige katamaranane i verda

⁃ Har hotell og reiselivsbedrifter i internasjonal klasse

⁃ Blir hyra inn når dei mest spektakulære stålkonstruksjonane skal byggjast

⁃ Leverer vindauge til dei mest fancy bygga i Noreg

⁃ Er ein av dei fremste på rørkonstruksjonar i Europa

⁃ Produserer gassautomatar slik folk kan kjøpe gass til grillen etter stengetid

⁃ Har ein av verdas mest kjente merkevarer innan møbel

⁃ Blant dei fremste i verda innan autoline, og produksjon av utstyr til fiskeflåten

⁃ Bygg og anleggsentreprenøra som blir hyra inn når dei mest spektakulære konstruksjonane skal byggjast

Dette var jo berre nokre få eksempel til deg. Og bak alt dette står eit utal av ulike yrkesgrupper, med enorm kompetanse og i botn av alt ei praktisk utdanning. Eg veit jo at det kjekkaste du veit er å vere i aktivitet og utfolde deg praktisk. Du har jo ikkje ro i rumpa til å sitte i på same plass i 10 minutt ein gong, det har vertfall læraren din sagt til deg. Eg veit at inne i deg så seier magekjensla at det er tømrer eller lærar du vil bli. Då testar du tømrar fyrst då, så kjenner du etter kvart om du også vil bli lærar. Vanskelegare er det eigentleg ikkje. All den kunnskapen du får med deg, den er gull verdt. Stol på magekjensla di og skulle du ende opp med å velje noko som viser seg å likevel ikkje vere rett for deg. Ja, då har du lært masse som du kan ta med det vidare. Lykke til Tom-Øyvind, og skulle du trenge nokon gode råd så er det mange som er der for deg!

Om Tom-Øyvind: Supersjef i Nordfjord opplæringskontor.

Utdanning/erfaring: Lærar, tømrar, marknadsførar, idrettspedagog, dagleg leiar m.m.

Stikkord: Elskar å jobbe med ungdom og følgje deira utvikling i livet. Elskar Nordfjord, og er gjennomsyra Nordfjordpatriot. Følgt magekjensla og draumane sine. Det har fungert fint så langt.

Frisk og rask, ingen allergiar, bortsett frå negativitet og pessimisme.

Tom-Øyvind Solheim

Nordfjord Opplæringskontor