Mystisk hol i isen:

Her er forklaringa

Då isen la seg i Strynebukta tidlegare i februar dukka det opp eit sirkelforma og godt synleg «hol i isen» ved Grønevik.

Forklaringa: «Holet i isen» i Strynebukta er mest truleg varme frå det kommunale spillvassutsleppet i Stryn sentrum.  Foto: fjordingen-tipsar

Nyhende

Fjordingen fekk fleire tips om «holet i isen» som hadde ein diameter på om lag 10–12 meter. Nokre lurte på om det var eit aldri så lite naturfenomen, eller om det kunne vere ei anna og meir naturleg forklaring.