Stryn får 650.000 kr til bedrifter som har falle utanfor kompensasjonsordninga

Regjeringa har løyvd ein milliard til å hjelpe bedrifter som har falle utanfor kompensjonsordningane så langt. Stryn får dele ut vel 650.000 kr av desse midlane.

Strynebesøk: Terje Breivik, parlamentarisk leiar i Venstre, frå eit av sine besøk i Stryn. Her i samtale med (f.v.) Odd Rune Flo, Tindehytter, John-Hermann Foss Hagen, Hagen AS/Stryntrappa og Knut Henning Hjellbakk, Stryn Næringshage.  Foto: Stryn Venstre

Nyhende

Den ekstra milliarden blir fordelt ut til kommunane og det blir deira ansvar å fordele pengane vidare til dei som bør kompenserast utover dagens ordningar. Dette kjem fram av ei pressemelding frå lokale representantar for regjeringspartia KrF, Høgre og Venstre.