Bønder ryddar skog i Olden:

– No kan vi følgje med på buskapen heimanfrå

Rasmus Bjarne Brynestad og John Andreas Skarstein i Olden har sett i gong med skogrydding av eit stort areal på vestsida av Oldenelva. Hittil har dei rydda ca. 35 mål som skal nyttast til beite til storfe.

Stort areal: John Andreas Skarstein har alt rydda 25 mål. Meir står for tur om vintervêret held fram. Maskina kuttar og løfter stokkane på plass. Veden dreg han ned i flata med traktor og kvistar på «gamlemåten».  Foto: Berit Melheim

Nyhende

Tregrensa har vakse i rekordfart både oppover og nedover og til sides dei siste tiåra. Teigane som tidlegare vart brukt til utkantslått og beiter, har grodd igjen. I vinter har dei to bøndene sett i gang med rydding av skog.