Vest politidistrikt:

Etterlyser vitner etter dødsulykke i Alver

Nyhende

I høve trafikkulykke/dødsulykke i Alver kommune natt til laurdag ønsker politiet å kome i kontakt med eventuelle vitner.

Det aktuelle området er Fv 57 Mongstadvegen like nord for Lindås kyrkje mellom klokka 01.30 - 02.30 natt til i dag laurdag 27. februar.

Vitner kan kontakte politiet på telefon 55556300.

Politiet opplyser i pressemeldinga at ein person er pågripen og sikta for brot på vegtrafikklova § 3 for uaktsom køyring og for brot på vegtrafikklova § 12 for brot på hjelpeplikta ved å ha forlatt åstaden.

No ønskjer politiet vitner i saka der ein mann tidleg i 60-åra vart funnen omkomen i vegkanten langs fylkesveg 57 i Alver kommune. Mannen var truleg fotgjengar og vart funnen like nord for avkøyringa til Lindås senter.

– Vi er interesserte i å snakke med folk som køyrde frå Lindås mot Mongstad mellom klokka to og halv tre i natt. Vi håpar å få klarlagd om nokon kan ha sett mannen gå langs vegen, seier politiet til NRK