Flo held døra på gløtt

Tore André Flo i Chelsea. Flo er ein av tre ansvarlege for klubben sine spelarar på utlån.   Foto: Bengt Flaten

Nyhende

Tore André Flo seier han ville vore open for ein samtale med Brann om den ledige sportssjef-stillinga i klubben. Det melder Eurosport.

– Eg har ein jobb eg likar godt. Men det er ein av dei mest spennande jobbane i Norge, seier Flo til kanalen.


Tore André Flo:

Utviklar nye Chelsea-talent

Frå 1997 til 2000 var han profilert spiss på Chelsea. No er Tore André Flo sin jobb å følgje opp Chelsea sine utlånsspelarar, med mål å utvikle dei for førstelaget.


Sidan 2012 har Flo budd og jobba i Chelsea der han no har ansvaret for klubben sine spelarar som er på utlån til andre klubbar.

Flo spelte for Brann i 1996 og 1997-sesongen.


På barndomsløkka til pappa

Ei halv flopasning unna barndomsheimen til Tore Andre Flo ligg leikeplassen i Visnesbakkane. Der vart grunnlaget for ei internasjonal fotballkarriere lagt.