Hurtigtest skal gjere at partner kan vere med på heile fødselen

Stortinget går inn for å ta i bruk hurtigtestar på sjukehusa slik at det blir lagt betre til rette for at partner får vere med på svangerskapsoppfølginga og i fødsels- og barseltida.

Godt: – Godt at nytt vedtak er fatta, det burde kome for lengst med å hurtigteste far/medmor slik at dei slepp å gå rundt og grunne på dette, seier jordmor i svangerskapsomsorgen i Stryn, Anne Karin Andresen.  Foto: Roger Oldeide

Nyhende

Saka var oppe i stortinget tysdag, og vart fremja av FrP. På førehand har fleire tusen signert eit opprop mot dagens praksis. Ei av dei som har fronta saka har vore Mariann Thomassen frå Styn. Tysdag stilte eit samrøystes Storting seg bak forslaget.