Sykla til Norge som 19-åring:

Syklande lege skal skrive bok

Rajendra og Aruna skal skrive si fyrste og siste bok på norsk. I den skal Stryn og Volda vere med.

Reint land: Aruna lærte seg sykle i ein alder av 62, medan Rajendra har sykla mykje. Dei fortel det er flott å sykle rundt i eit så reint og flott land som Norge. 

Nyhende

Rajendra (70) kom syklande frå India til Noreg som 19-åring. Aruna (64) lærte seg sykle i forfjor. No skal dei saman trø seg innom alle krikar og krokar i Norge, og planlegg skrive ei bok om alle kommunane. Men for vinteren har dei busett seg i Stryn.