Har du sett eller høyrt hubro? Meld frå!

Statsforvaltaren ønskjer tips om hubro i Vestland. Hubroen er sterkt truga, og betre kunnskap er viktig for ta vare på arten.

Hubro er blant verdas største ugler, flyg heilt lydlaust og har ein karakteristisk song. Arten er sterkt truga, og no ønskjer Statsforvaltaren tips om observasjonar av hubro i Vestland.   Foto: Arkivfoto

Nyhende

Hubro er blant verdas største ugler, flyg heilt lydlaust og er eit stort ”spøkelse” av ein rovfugl. Han er mest nattaktiv, og sjølv erfarne biologar ser sjeldan hubro.