Vil lage oversikt over maktbruk mot barn

Politiet vil kartleggje fysisk maktbruk mot barn etter avdekkinga av at politiet var tilkalla 2.800 gonger for å handtere barnevernsbarn i 2019.

Illustasjon  Foto: Gorm Kallestad / NTB / NPK

Nyhende

Det er Sørvest politidistrikt som tek initiativ for å lage ein statistikk over politioppdrag mot barn, skriv Stavanger Aftenblad. Kartlegginga går mellom anna ut på å registrere arrestasjonsteknikk og bruk av handjern.

Avisa avdekte for to veker sidan at norsk politi i 2019 i snitt måtte rykkje ut åtte gonger kvar dag for å hjelpe barnevernet med handteringa av barn. Politidirektør Benedicte Bjørnland sa ho var overraska over omfanget, men sa det ikkje var kapasitet eller mogleg å kartleggje dette vidare med dagens system. Heller ikkje justisminister Monica Mæland (H) ville ta initiativ til ei kartlegging, men vart kritisert for dette av opposisjonen på Stortinget.

Visepolitimeister Gøril Våland i Sørvest politidistrikt seier at mange i politiet føler kritikken mot dei etter avdekkinga er urettferdig, og at dei i distriktet no vil registrere oppdraga og måten dei blir løyste på.

– Vi skal gjere det beste ut av det systemet vi har, seier Våland.

Ho vil gå inn for å registrere bistandsoppdraga til barnevernet, måten arrestasjonen skjer på og om det blir brukt handjern. Ho vil vidare at rutinar skal forbetrast, og at det oftare blir sett inn sivilt politi på slike oppdrag.

(©NPK)