Over 30 innspel om turismeutfordringar i Stryn kommune:

Men løysingane let truleg vente på seg

Stryn kommune kan melde om over 30 innspel knytt til turismeutfordringar. Men noko kvikk-fiks på desse blir det neppe i følgje miljøkoordinatoren.

Utfordringar: Miljøkoordinator Sonja Servan har ansvar for den pågåande kartlegginga av utfordringar knytt til turismen i Stryn kommune. Målet er å utarbeide ein langsiktig plan som kan bidra til å løyse utfordringane det blir peika på.   Foto: /Arkiv: Gunnhild Sindre

I sånne situasjonar er det fint å sjå at kommune og lokalbefolking kan spele på lag. Slikt samarbeid er noko vi håpar også kan prege vegen vidare

Sonja Servan
Nyhende

Tidlegare i år gjekk Stryn kommune ut og etterlyste innspel på utfordringar, og framlegg til løysingar på desse, knytt til turismehandteringa i kommunen. Totalt er det kome inn over 30 innspel frå lokale lag, bedrifter og innbyggarar.