Skålabu:

Opnar til påske om det ikkje er liv der...

Håpar dei uønskte gjestane frå i fjor ikkje har overlevd vinteren

Nedfryst: Skålabu i skikkeleg vinterskrud. Sidan oktober i fjor har Skålabu vore låst av. Årsaka er å ta knekken på veggedyr gjennom nedfrysing. Biletet er frå 7. mars i fjor.  Foto: Anders M. Flo

Dette er ikkje noko ein ønskjer å ha med seg heim

Nyhende

I oktober i fjor valde Bergen og Hordaland Turlag å stenge ned DNT-hytta på Skåla etter at gjestar hadde oppdaga veggedyr ved eit overnattingsbesøk. Hensikta med nedstenginga var at hytta ville fryse ned over vinteren og såleis ta livet av veggedyra.