- Vil gjerne ha innspel om tilbod til ungdommar

Nyhende

Eitt av satsingsområda framover vert å prøve å halde endå meir på dei unge aktørane når dei kjem opp i ungdomsskulealder. – Så vi vil prøve å få til fleire tilbod som ungdom kan vere interesserte i, seier Jon Are Steen. – Bandkurs, drop in-grupper, musikkproduksjon på laptop og andre tilbod der lista for å kome og vere med ikkje skal vere så høg. Her vil vi gjerne ha innspel!