Vil gjerne ha med både barn, unge og vaksne

Nyhende

Kulturskulen har hatt auke i elevtalet sidan i haust, men har også ledige plassar på gitar i ulike former, frå fingerspel og klassisk til visegitar og -song, el-gitar, ukulele og el-bass. – Nybyrjar og vidarekomen, born, unge og vaksne - her er alle velkomne, seier rektor Jon Are Steen. – Vi har også ledig på trompet. For born, unge og vaksne, nybyrjarar og du som har spela før.