Vestlandet slit med likestilling i arbeidslivet

Kvinner i fleire vestlandsfylke og Agder tener mykje mindre enn menn i dei same fylka. Sør- og Vestlandet kjem også dårlegare ut på fleire andre område når det gjeld likestilling i arbeidslivet. Men det finst lyspunkt.

Måndag 8. mars blir den internasjonale kvinnedagen markert fleire stader. Her frå Youngstorget i Oslo i fjor.   Foto: Vegard Wivestad Grøtt / NTB / NPK

Nyhende

Det viser tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB). Kvart år sidan 1999 har byrået publisert ein indeks som måler likestilling mellom kvinner og menn i norske fylke og kommunar.