Seniorlaga i Stryn held motet oppe og førebur seg til seriestart:

Snart 500 dagar sidan kamp

Det nærmar seg 500 dagar sidan førre seriekamp for seniorlaga til Stryn fotball. Men på stadion er aktiviteten stor, og både herre- og damelaget jobbar fram mot det som forhåpentlegvis blir serie-start i slutten av april.

Stadion: Treningane for seniorlaga til Stryn fotball er i full gang. F.v. Jørn Peder Sætre (assistent herrelaget), Øystein Hesjedal (trenar herrelaget), Pål Erik Ytreeide (keepertrenar), Are Njøten (trenar damelaget), Jon-Terje Tjellaug (damelaget) og Kjell August Ytreeide (keepertrenar). Håpet er at det blir seniorfotball ein gong i løpet av denne sesongen.  Foto: Thomas Thaule

Nyhende

– Vi jobbar mot seriestarten i april, sjølv om det kanskje ikkje ser så lyst ut akkurat no, seier herretrenar Øystein Hesjedal og dametrenar Are Njøten.