Det kan gå mot tidenes verdscupavslutning:

Ny opptur for Tarjei - Johannes i ei blindgate

Tarjei Bø følgde opp sigeren på jaktstarten søndag med ein ny pallplassering på sprinten torsdag. Johannes Thingnes Bø verkar å vere inne i ei blindgate når det gjeld skytinga.

Ny pallplassering: Tarjei Bø vart nummer to på sprinten torsdag.  Foto: NSSF (arkiv)

Nyhende

Tarjei vart nummer to på torsdagens verdscupsprint i Nove Mesto. 32-åringen skaut fullt på begge skytingane, og berre Quentin Fillon Maillet var betre. I mål var franskmannen 11,3 sekund føre Tarjei. Tredjeplassen gjekk til Lukas Hofer frå Italia, han har 14,8 sekund å ta inn på franskmannen på jaktstarten som går laurdag.

Johannes Thingnes Bø opna sterkt i sporet, men på liggande vart det nok ein gong to bom på stryningen. Fullt hus på ståande retta opp mykje av inntrykket, men 27-åringen måtte til slutt ta til takke med niandeplass.

Næraste utfordrar i verdscupsamandraget, Sturla Holm Lægreid, vart nummer fem. Dermed tok han også inn verdifulle poeng på Thingnes Bø, og det er praktisk talt daudt løp mellom dei to i samandraget då fire renn skal strykast.

Tarjei var sjølvsagt godt fornøgd etter løpet.

- Eg trur ikkje det er så mange som har jobba så godt som meg etter VM som var ein skuffelse, sa Tarjei til NRK etter løpet.

Johannes var langt frå fornøgd med sin innsats:

- Ingenting fungerer om dagen. Det kan like gjerne bli fem treff som tre treff på liggande skyting. Han fekk nok ein gong spørsmål om våpenet han har gjort forandringar på, og han innrømte at han ikkje visste kva som var gale på liggande skyting for tida.

Tarjei held tredjeplassen i verdscupsamandraget, men er berre fem poeng føre dagens vinnar Fillon Maillet. Johannes kjenner verkeleg pusten av Sturla Holm Lægreid i nakken før dei siste renna. 25 poeng skiljer dei to før ein skal stryke fire resultat.

Alt tyder på at vi får ein thrilleravslutning når verdscupen skal avgjerast i Östersund neste helg.