På utgåande kontrakt:

Per-Egil Flo held alle mulegheiter opne

Per-Egil Flo er inne i sine siste månader av kontrakten med den sveitsiske superligaklubben Lausanne Sports.

Sveits: Per-Egil Flo spelar i Lausanne Sports i sveitsisk superliga.   Foto: Lausanne sports

Nyhende

Flo var gjest i onsdagens utgåve av lokalsportmagasinet Sport & Spaß i Radio Stryn. Der fortalde han at han held alle mulegheiter opne, og at han ikkje har bestemt seg for kvar han spelar neste sesong. Den noverande kontrakten hans går ut til sommaren.