Tilbyr konfirmasjon både i vår og haust

Kyrkjestaben i indre Nordfjord har bestemt seg for å tilby konfirmasjon både i vår og i haust.

Får velje: Konfirmantane i bygdene i indre Nordfjord kan sjølve velje mellom vår eller haust i 2021. Her frå i fjor.  Foto: Arkiv

Nyhende

– Vi har landa på at vi vil tilby konfirmasjon både vår og haust denne gongen. Då kan dei som ynskjer ein liten fest no, få det, og dei som ønskjer å vente kan få det, fortel kateket Beate Nes og resten av dei tilsette ved kyrkjekontoret.