Årets skiskyttar-NM avlyst

Avlyst: Ingen NM i slutten av mars på Tarjei Bø, Johannes Thingnes Bø og dei andre skiskyttarane.  Foto: Ragnar Singsaas (arkiv)

Nyhende

Avgjerda om å avlyse årets NM for senior kom etter at Trondheim kommune valde å avlyse NM-veka i Granåsen, der skiskyting skulle vore ein del av eit større arrangement 25.-28. mars.

– Det er sjølvsagt med tungt hjarte at vi vel å avlyse årets NM. Vi har samstundes forståing for at det må bli slik, seier president i Norges Skiskyttarforbund, Arne Horten.

Forbundet jobbar no med å sjå på alternativ til konkurransar på sommarhalvåret.