Også Vikane må trekke seniorlaget i fotball:

– Det er berre nitrist

Knappe fjorten dagar etter at Oppstryn trekte laget sitt frå 6. divisjon ser også Vikane seg nøydde til å gjere det same. – Nitrist, seier Espen Aarreberg i fotballgruppa.

Innvik stadion: Det blir ikkje seniorfotball på Innvik stadion denne sesongen heller. Førre sesong, som var comebacksesongen for seniorlaget, gjekk fløyten grunna koronaen. Denne sesongen må klubben trekke laget frå 6. divisjon.   Foto: geir-ståle vatnamo

Vi hadde store ambisjonar i fjor, med rundt 25 spelarar på lista som var klare til å bidra. Men så kom koronaen

Espen Aarreberg
Nyhende

Vikane var tilbake på fotballkartet i fjor, og klubben skulle etter nokre sesongar fråvær på ny stille lag i den lokale 6. divisjonen. Geir Inge Rake, som hadde trent Stryn i Kretsligaen, var henta inn som trenar, og optimismen var stor.