I helga blir verdscupen avgjort:

Daudt løp mellom Johannes og Sturla

Denne helga blir det avgjort om Johannes Thingnes Bø eller Sturla Holm Lægreid vinn verdscupen i skiskyting samanlagt.

Östersund: Verdscupen i skiskyting blir avgjort denne helga. Johannes Thingnes Bø kan vinne samanlagtcupen for tredje gong.   Foto: sondre eriksen hensema

Nyhende

Thingnes Bø står med 1.011 poeng, 25 poeng meir enn lagkameraten. Men sidan fire renn skal strykast i samandraget, er leiinga berre på sju poeng ned til Holm Lægreid. Dermed er det mykje som kan tyde på at den avsluttande fellesstarten i Östersund søndag vil vere heilt avgjerande for kven av dei to som kan løfte den største krystallkula over hovudet.