Lærerik skuleveke om berekraft i Oppstryn

«Berekraft, berekraft, alle snakkar om berekraft». Dette er starten på ein rapsong som alle ved Oppstryn skule og barnehage lærte sist veke, då berekraft var felles prosjekttema.

Brukte gamle dynetrekk til vevsprosjekt: Thea Kveen, William Guddal Breidablik, Tiril Aga Reme, Jonas Nesje Drageset, Anders Kirkeeide Sunde og Anders William Brekke klare til innsats på berekraft-veka ved Oppstryn skule og barnehage sist veke.   Foto: Alle: Oppstryn skule og barnehage

Nyhende

Men vi har ikkje berre lært ein ny song, vi har også gjort meir enn å snakke om berekraft.