Full stopp på siste skyting:

No må Johannes slå Sturla om han skal vinne verdscupen

Johannes Thingnes Bø hadde sigeren i lomma på jaktstarten laurdag, men tre bom på siste skyting gjorde at det til slutt vart andreplass.  Foto: Manzoni/IBU

Nyhende

Alt låg til rette for siger til Johannes Thingnes Bø då han kom åleine inn til siste skyting på laurdagens jaktstart i Östersund. Men tre bom, samstundes som Sturla Holm Lægreid skaut fullt, strødde salt i såret. No må Thingnes Bø slå Holm Lægreid på morgondagens fellesstart om han skal vinne verdscupen for tredje gong på rad.

Det var Tarjei Bø som hadde best utgangspunkt av dei norske då han gjekk ut som nummer tre på jaktstarten, 14 sekund bak Lukas Hofer frå Italia som vann sprinten fredag. Sturla Holm Lægreid gjekk ut som nummer seks, Johannes Thingnes Bø som nummer sju med 15 sekund å ta att på sin argaste konkurrent om samanlagtsigeren i verdscupen.

Inn til første skyting hadde Johannes allereie gjort kort prosess og teke att Holm Lægreid. Og med strålande skyting på første liggande, samstundes med at Holm Lægreid pådrog seg ein bom, sikra Markaneekspressen seg eit lite forsprang og gjekk ut som nummer tre, bak Samuelsson frå Sverige og Hofer frå Italia. Tarjei på si side måtte ein runde i strafferunden men gjekk likevel ut som nummer fire. Lægreid følgde deretter på femteplass.

Johannes tok seg god tid før han fyrte av første skotet på andre skyting. Men det skulle syne seg å vere lurt, og nok ein gong skaut han fullt på liggande. Tarjei følgde opp, og etterlot seg fem kvite blinkar. Også Sturla Holm Lægreid skaut fullt på andre liggande. Avstanden mellom Thingnes Bø og Holm Lægreid var no på 28 sekund.

På tredje skyting sette Johannes inn støtet. Full hus etter glimrande skyting, samstundes som at dei næraste konkurrentane måtte i strafferunden, gjorde at han 40 sekund ned til Hofer, og viktigare, eitt minutt ned til Holm Lægreid som hadde ein bom. Tarjei gjekk no ut som nummer seks, 1.09 bak Johannes.

Forspranget berre auka inn til siste og avgjerande skyting. Men ein skjelven Johannes rauk på tre bom under vanskelege skyteforhold, noko som skapte ny spenning då Holm Lægreid skaut fullt under langt betre forhold. Ut frå siste skyting var alt snudd på hovudet, og Johannes gjekk ut som nummer tre, 17 sekund bak Holm Lægreid som no gjekk for sigeren. Tarjei fekk også tre bom på siste skyting.

Sturla Holm Lægreid heldt unna, og det som såg ut som ein kontrollert siger til Thingnes Bø vart til ein skuffande andreplass for stryningen. Lukas Hofer tok tredjeplassen. Tarjei Bø vart til slutt nummer ti.