Johannes best då det verkeleg gjaldt:

Avgjorde verdscupen på aller siste skyting

Johannes Thingnes Bø er nok ein gong vinnar av verdscupen samanlagt i skiskyting.

Johannes Thingnes Bø er vinnar av verdscupen i skiskyting for tredje gong på rad.  Foto: Skjermdump

Nyhende

I rein Hitchcock-stil vart verdscupen avgjort i Östersund søndag.

Kraftig vind gjorde at den avsluttande, og heilt avgjerande, fellesstarten måtte utsettast til sein ettermiddag.

Johannes og Sturla Holm Lægreid starta side ved side, men etter første skyting måtte Thingnes Bø jage Holm Lægreid etter ein tur i strafferunden.

På andre skyting måtte begge i strafferunden etter ein bom kvar, medan Tarjei Bø skaut feilfritt og gjekk ut på 5. plass.

Inn mot tredje skyting tok Johannes innpå Holm Lægreid. På standplass tok stryningen fram ein "Bø spesial", noko som betyr fullt hus. Holm Lægreid måtte på ny i strafferunden, og Thingnes Bø fekk eit forsprang.

På veg inn til siste og avgjerande skyting var det nok fleire som tok til å tenke på laurdagens kollaps på standplass for Johannes, men denne gongen ville 27-åringen det annleis. Bom på aller siste skotet gav litt ekstra nerver, men då Holm lægreid bomma både ein og to gonger var saken "biff".

Johannes Thingnes Bø gjekk ut på sisterunden som nummer tre, og om det hadde stått om eit VM- eller OL-gull hadde han nok teke fram det som måtte til for å vinne. Men i staden sørga han for å halde seg på beina, og tredjeplass bak Desthieux og Latypov var meir enn godt nok til å sikre samanlagtsigeren for tredje sesong på rad.

Tarjei Bø, som vart vinnar av fellesstart-cupen, gjekk inn til 6. plass, medan Sturla Holm Lægreid vart nummer åtte.

Tarjei Bø med "kula" for sigeren i fellesstart-cupen.  Foto: Skjermdump

- Det har vore hardt mentalt å kjempe om den gule trøya. Dette betyr alt, sa ein glad Johannes Thingnes Bø til NRK etter løpet. Han er imponert over det Sturla Holm Lægreid har prestert denne sesongen:

- Sturla har verkeleg pressa meg, og eg trur nok ikkje at eg var heilt førebudd på at han skulle vere så god i år.

Johannes Thingnes Bø med beviset på at han er verdas beste skiskyttar.  Foto: Skjermdump