Kraftig vind i Östersund:

Fellesstarten utsett til sein ettermiddag

Johannes Thingnes Bø må slå Sturla Holm Lægreid på siste distanse om han skal vinne verdscupen samanlagt.  Foto: Manzoni/IBU

Nyhende

Søndagens fellestart i skiskyting, som er heilt avgjerande for kven av Johannes Thingnes Bø og Sturla Holm Lægreid som vil vinne verdscupen samanlagt, er utsett til seint på ettermiddagen.

Utsettinga skjer som følgje av kraftig vind i Östersund.

Holm Lægreid vann laurdagens jaktstart og sneik seg eitt poeng føre Thingnes Bø i samandraget. Dermed må stryningen slå lagkameraten for å vinne samanlagtcupen for tredje gong på rad.

Sist sesong vann Thingnes Bø verdscupen med to poeng ned til franskmannen Martin Fourcade.