– No fortener Johannes ein god ferie!

Johan Eirik Meland er ikkje i tvil om at kameraten Johannes Thingnes Bø sin samanlagtsiger i verdscupen er av det fortente slaget.

Fortent: Johan Eirik Meland, her i aksjon på Ullsheim i vinter, er ikkje i tvil om at sigeren til Johannes er vel fortent.  Foto: Thomas Thaule

Nyhende

– Veldig fortent siger samanlagt! Sjølv med litt svakare skyting og ikkje fullt så stabil form som dei to-tre siste sesongane viser han at han fortsatt er verdas beste skiskyttar, seier Meland. Han meiner at denne sigeren smakar ekstra godt.