Sjur Ole Svarstad ved landslinja:

Takkar Bø-gutta for motivasjonen

Lærar ved landslinja i skiskyting på Stryn vidaregåande skule, Sjur Ole Svarstad, «bøyer seg i hatten» over prestasjonane til brørne Bø.

Imponert: Sjur Ole Svarstad meiner Bø-brørne er viktige motivatorar for elevane ved landslinja.  Foto: Inge Fænn (arkiv)

Nyhende

Svarstad meiner at brørne Bø har vore viktige motivasjonskjelder i ein sesong som for landslinjeelevane sin del har vore svært amputert, og der berre trening og lokale renn har vore «gulrota».