Tarjei vann si første «kule» på ti år

Tarjei Bø har hatt ein av sine beste sesongar på fleire år. Søndag fekk han beviset på at han var beste løpar samanlagt i fellesstartcupen.

Endeleg: Tarjei Bø med beviset på at han er vinnar av fellesstartcupen sesongen 2020/2021. Dermed vann han sin første krystallkule individuelt på ti år.   Foto: manzoni/ibu

Nyhende

32-åringen har teke fleire pallplasseringar denne sesongen, og tre gonger har han stått øvst på sigerspallen.