Holmøyskarrennet avlyst

2019: Det var kamp om beste spor i starten på Holmøyskarrennet.  Foto: Inge Fænn

Nyhende

Den 53. utgåva av Holmøyskarrennet let vente på seg.

I fjor var det koronaen som gjorde at det tradisjonsrike rennet måtte avlysast, i år er det ein kombinasjon av snømangel og korona som gjer at arrangementet ikkje let seg gjennomføre.

Holmøyskarrennet er eit tradisjonelt turrenn som vert arrangert kvart år av idrettslaga Hardbagg og Veten. Rennet går av stabelen kvar Palmesøndag med start og innkomst på Nordfjord fritidssenter på Fjelli.

Turrennet vart skipa i 1967, og har sidan då vore arrangert kvart år med unnatak av 2014 og 2020, skriv arrangøren på si heimeside.

Over 400 løparar stilte på startstreken i det førebels siste rennet i 2019.