Må avlyse familieteater

Teater Vestland avlyser framsyninga av Raudhette og Ulven i Stryn kulturhus fredag 26. mars.

Avlyst: Raudhette og ulven skulle ha blitt vist i Stryn kulturhus fredag 26. mars, men vart avlyst på grunn av nye koronarestriksjonar.   Foto: Espen Nyttingnes

Nyhende

Teateret må og avlyse delar av den planlagde turneen fram til 12. april. I staden hentar vi «Raudhette og ulven» heim att til Førde og spelar for publikum i heimkommunen.