Veamyhr tok attval

Attval: Roy Veamyhr tok attval som leiar i handballgruppa.  Foto: Stryn handball

Nyhende

Stryn handball hadde årsmøte førre veke. Roy Veamyhr (bildet) tok attval for eitt år som leiar i gruppa. Øvrige i styret: Hege Bjørlo Sandbakk (nestleiar), Rigmor Nesje (sportsleg leiar), Eli Johanne Sørland (økonomi), Bente Bjerkenås (arrangement), Siri Asphaug (utdanningsansv.) og Sonja Bratland (styremedlem).

– Det skjer mykje positivt i handballgruppa med m.a. trenar- og dommarutdanning, og til saman har vi 27 personar i utvala, seier Veahmyhr.