Stryn fotball:

Paulsen ny styreleiar

  Foto: Stig Høynes (arkiv)

Nyhende

Ivar Paulsen er ny styreleiar i Stryn fotball. Det er klart etter at fotballgruppa hadde ekstraordinært årsmøte sist veke.

Paulsen, som er vald for eitt år, tek over etter Torstein Tvinnereim som gjekk av som leiar i februar etter sju år.

Øvrige i styret: Heidi Holmlund (nestleiar), Edvard Nordang (sport), Dorien Paalman (økonomi), Evy Rossetvik (arrangement) og Sondre Erdal (ungdomsrepresentant).