Måtte avlyse alle påskegudstenestene for andre året:

Held kyrkjene opne i påska

Alle påskegudstenestene som var planlagde i indre Nordfjord i påska, måtte avlysast på grunn av koronarestriksjonar. I staden blir det open kyrkje og fleire andre alternativ.

kreativ kyrkjestab i Stryn: Sokneprest Henny Koppen (f.v.), kateket Beate Nes og kyrkjeverje/dagleg leiar Kari Synnøve Muri ved kyrkjekontoret i Stryn vart skuffa då påskegudstenestene måtte avlysast, men dei ser framover til alle kan samlast i kyrkja att. Her utanfor Betania, som også er stengt på grunn av smittevernreglar. 

Vi ser framover, og gler oss til å samlast til gudsteneste i kyrkjene att når det blir lov

Nyhende

Påska er den viktigaste høgtida i året for Den norske Kyrkja. For andre året på rad vart det avlyste gudstenester.