Avlyser fleire idrettsarrangement

Norges Skiforbund melder om fleire avlyste idrettsarrangement i indre Nordfjord.

Grotli: Grotlirenna i alpint er avlyst.  

Nyhende

Grotlirenna i alpint, som skulle gått av stabelen laurdag 10. april, er avlyst grunna gjeldande smittevernreglar og snøforhold.

Det same gjeld Even Hole Cup på Utvikfjellet som var sett opp komande torsdag, 1. april.

Også Rypeskarrennet 3. april same stad utgår grunna mangel på snø.