Strynefjellsvegen:

Bil køyrde i tunnelveggen

Ein bil køyrde inn i tunnelveggen, 100 meter inne i Oppljostunnelen på rv 15 torsdag kveld.

Kø på austsida av Oppljostunnelen i påvente av bilberging inne i tunnelen.  Foto: Webkamera Statens vegvesen

Nyhende

Det melder politiet på Twitter. Uhellet vart meldt kl 19:45. Bilen har treft fjellet med førarsida.

I følgje politiet er føraren bevisst og ute av bilen. Det oppstod trafikale problem på staden, og Statens vegvesen meldte at vegen er mellombels stengt på grunn av bilberging. Vegvesenet sitt webkamera viste at det ei stund etter uhellet hadde danna seg lang kø på austsida av tunnelopninga.

Rett før kl 21.00 vart vegen opna att med manuell dirigering, og køen løyste seg opp.

Oppdatering kl 21:30: Politiet og redningsmannskap elles er ferdig på staden. Politibetjent Jan Tore Sunde opplyser at bilen som køyrde i tunnelveggen var på veg austover mot Strynefjellet.

- Det var svært glatt og vanskelege køyreforhold rett på innsida av tunnelen. Bilen har fått store materielle skader i fronten, og må reknast som totalvrak, opplyser Sunde.

Føraren var henta i ambulanse før politet kom til staden.

- Skadeomfang er uvisst, men føraren var ute og gjekk ved sidan av bilen etter uhellet, opplyser Sunde.

Oppljostunnelen er den øvste av dei tre tunnelane på rv 15 Strynefjellsvegen.  Foto: Bengt Flaten (akiv)